Status for arbeid med småbåthamn i Gjersvika
Status for arbeid med småbåthamn i Gjersvika : Tysnes Båthamn. Mai 2010.
Styret i Tysnes Båthamn har framleis god tru på ei realisering av småbåthamn ved Gjerstadneset. Trass i at Fylkesmannen opprettheld motsegna etter meklingsmøtet 16.02.10.
Denne oppfatninga gav og ordførar og teknisk sjef utrykk for i møte 21.04.10. Der ein drøfta vegen vidare for Tysnes Båthamn. Reguleringsplanen slik han ligg går rett inn planprogrammet for ny arealdel til kommuneplanen. Arbeidet med denne er no starta opp. Og det er halde bygdevise møte. På møte i Våge 26.04.10 vart behovet for småbåthamnar særleg drøfta , og planen til Tysnes båthamn omtala som løysing for Våge, eit prosjekt som lyt koma til realisering. Tysnes kommune lyt i den samanhang gjera ei konsekvensutgreiing.
Som del av ein overordna plan i Tysnes, vil båthamna stå sterkt og vera vanskeleg for fylket å argumentera mot. Meklinga den 16.02 og konklusjonen derifrå er meir å sjå som ei falitterklæring for Fylkesmannen si evne til å skilja mellom tiltak i strandsona. Ein klarar ikkje å skilja mellom gode og dårlege prosjekt i strandsona. Alt er like gale. Men ein kjem ikkje utanom å nytta areal i strandsona for å få på plass småbåthamn i Våge. Det er gong på gong peika på kor viktig dette er for å gjera Tysnes attraktiv som bustadkommune. Då kan ein ikkje berre sjå på strandsona med skylappar slik fylkesmannen no gjer. Arealet er sjekka ut for kulturminne både på land og i sjø, og klarert. Slik me ser det er det berre spørsmål om kva tid planen for småbåthamn vert godkjend. Ny arealplan for Tysnes kommune skal etter planen vedtakast i juni 2011. Me vonar likevel å kunna køyra paralellt slik at me kjem i gong tidleg i 2011. Dette forutset at og Tysnes kommune gjer sin jobb.
På heimesida vår finn du og referat frå meklingsmøte med Fylkesmannen, årsmøtereferat og referat frå styremøte i april 2010. Samt artikkel i Bladet Tysnes i samband med meklingsmøtet.
Styret for Tysnes Båthamn
Lars Enes