Referat frå årsmøte i Tysnes Båthamn
Referat frå årsmøte i Tysnes Båthamn.
Stad: Kantine Tysnes Kraftlag.
Tid: 21.02.10 kl. 18.00
Saksliste:
1. Godkjenning av innkalling og saksliste
Egil Lande sakna revidert rekneskap i forkant av årsmøtet. Og kom med ytring om at punkt 9 ”endring av vedtekter” ikkje kunne gjennomførast utan at endringane var sendt til medlemmane i forkant.
Dette vart tatt til følge , og punkt 9 vart tatt bort frå sakslista.
2. Val av møteleiar
Lars Enes
3. Val av skrivar
Terje Sløgedal
4. Val av to til å skrive under møtereferat
Egil Lande og Svein Økland
5. Årsmelding
Lars Enes las opp årsmeldinga.
Ingen kommentarar.
6. Rekneskap
Olav Andersen gjekk gjennom rekneskapet.
Kommentar på tilbakebetaling av innbetalt avgift.
Årsak: det er 6 personar som har fått tilbakebetalt oppstartavgiften på 1000,- Desse personane meldte seg ut før Tysnes Båthamn vart oppretta. Det vert ikkje utbetalt fleire slike avgifter.
Ingen fleire kommentarar.
Rekneskapet er revidert og godkjend
7. Val av styre
Styremedlem: Atle Teigland valgt for 2. år
Styremedlem: Bjørn Lande valgt for 2. år
Vara representant: Terje Sløgedal valgt for 1.år
Vara representant: Kenneth Fagerbakk valgt for 1. år
Revisor: Bjarte Erstad
Vara: Arild Pettersen
Valnemnd for 2011
Lars Petter Epland og Kjell Brekke.
8. Val av leiar
Leiar: Lars Enes valgt for 1.år
9. Endring av vedtekter
Utgår
10. Budsjett for 2010
Olav Andersen hadde lagt opp til to moglege budsjett. Eit med utbygging av anlegg, og eit utan. Slik situasjonen er no, er det lite truleg at det vert utbygging av anlegget i 2010. Årsmøtet vedtok dermed budsjettet utan utbygging. Dette inneber kun betaling av kontigent på 200,- pr. båtplass.
Det vert kalla inn til ekstra ordinert årsmøte om situasjonen skulle forandre seg, slik at utbygging kan setjast i gong.
Årsmøtet oppmodar styret på det sterkaste å fortsetje arbeidet mot fylkesmannen, slik at båthamna kan bli ein realitet for dei over 70 medlemmane som ynskjer seg båtplass.
Referent:
Terje Sløgedal