Plan omtale
Tysnes kommune
Reguleringsplan for småbåthamn i Gjersvika
Gnr. 96, bnr. 2 m.fl.
Planomtale
Innhald
2. Føremål med planen. 3
3. Avgrensing av planområdet 3
4. Planstatus 3
5. Kvifor båthamn? 3
6. Lokalisering av båthamn – drøfting av alternative plasseringar. 5
7. Planforslag. 6
8. Risiko og sårbarheit – vurdering av konsekvensar for båthamn. 8
9. Planhistorie. 10
10. Innkomne merknader til planen. 11
Bilete frå planområdet 16
Vedlegg:
- 1. Føresegner
- 2. Plankart
Stord 11.06.2009
Akvator AS
- 1. Innleiing
Tysnes båthamn som er ein open medlemsorganisasjon, legg med dette fram eit forslag til reguleringsplan for småbåthamn i Gjersvika. Planen omhandlar privat småbåthamn med tilkomstveg og parkeringsareal/opplagsplass. Planområdet er om lag 44 dekar.
Planområdet ligg i bukta Gjersvika, i eit LNF området, like aust for Våge sentrum.
Planen er utarbeidd av Akvator AS på oppdrag frå Tysnes Båthamn.
2. Føremål med planen
Føremålet med planen er å etablera småbåthamn for Vågeområdet. I tillegg vert det etablert tilkomstveg og parkeringsareal/ opplagsplass. Vegtilkomst til hamna er planlagd frå RV 49, via ny fellesveg ned til sjø. Ved strandsona og på ein holme, Hønsaholmen, vert arealet regulert til småbåthamn (land) med veg, parkering og servicebygg. Deler av Hønsaholmen vert regulert til fritidsområde og offentleg badeområde. På land vert det fortetting med naust ved eksisterande naustområde, samt felles parkeringsplass. Eit landbruksbygg vert regulert inn bak nausta.
3. Avgrensing av planområdet
Planområdet ligg i ei vik og omhandlar både sjø og land. I nord og aust ligg Gjerstadneset med vågen Gjersvikvågen utanfor. I sør og vest grensar området til jordbruk og RV 49. Spreitt bustadbygging med hovudvekt på landbruk i nærområda.
4. Planstatus
Planområdet er i gjeldande kommuneplan for perioden 2003-2015 avsett til LNF-område på land og fleirbruksområde for ferdsel, fiske, natur- og friluftsliv (FBO_FNF) i sjø. Samstundes er det avsett kaste- og låssettingsområde i sjø innanfor planområdet.
Fylgjande eigedomar inngår i planområdet:
| Gnr | Bnr | Eigar pr 01.05. 2009 |
| 95 | 4 | Arild Teigland Gjerstad |
| 96 | 2 | Ann og Erling Langballe |
5. Kvifor båthamn?
I Noreg er det registert om lag 350 000 småbåtar. Hordaland er det fylket i landet som har flest båtar registrert i Småbåtregisteret med 44 000. Båtturismen er sterkt aukande, og er eit definert satsingsområde i Sunnhordland (Samarbeidsrådet for Sunnhordland, rapport Båt- og kystturisme).
Det er mykje trivsel, kultur og identitet knytt til sjøen i øykommunen Tysnes. Samstundes er det mange som i dag ikkje har tilgang til naust eller båtfeste. Ytterlegare skjerping av byggjeforbod i strandsona i ny Plan- og bygningslov vil gjera at tilrettelegging av felles tiltak som større båthamner vil verta enno viktigare. Felles båthamner legg til rette for tilgjenge til strandsona på ein arealsparande måte, og er slik i samsvar med overordna prinsipp om bruk og vern av strandsona.
Våge er mellom dei bygdene som har færrast tilrettelagde båtplassar i fellesanlegg. Privat båthamn i Svevågen er mellombels, og har 25 plassar og ikkje høve til vidare utviding, slik det ligg i dag. Behovet for båtplassar i Vågebygda er difor stort. Gapet mellom tilgjengelege plassar og behov er stort, og vil venteleg auka i åra som kjem, med utbygging av vidare steg i Vågsmarka byggefelt, samt private felt og auka fortetting i Vågeområdet.
Småbåthamn i Våge har i mange år vore ei prioritert sak både i kommuneplansamanheng og i strategisk næringsplan for Tysnes. I gjeldande kommuneplan ligg det inne småbåthamn ved ferjekaien, og i Svevågen om lag 500 m søraust for ferjekaien. Det har i mange år vore jobba med å få til småbåthamn på desse to plassane i Våge, men konfliktar i høve til andre interesser har stoppa planarbeidet. Det er no etablert ei større gjestehamn ved ferjekaien i Våge som er ikkje er foreinleg med ei småbåthamn av denne storleik.
|
|
Tysnes kommune, Hordaland Fylkeskommune og Asplan Viak har nyleg utarbeidd ein stadanalyse for fjordlandsbyen Våge, i dialog med befolkninga på Tysnes. Spørsmålet om båtplassar i Våge vart og handsama i analysen, som konkluderte med at småbåthamn må etablerast utanfor sentrumsområde. Samstundes er det viktig at ei båthamn ligg nokolunde sentralt i høve til busetnad. Rapporten gjorde framlegg om Gjersvika, ca.1 km aust for eksisterande ferjekai (sjå kart nedanfor). Det har vore søkt etter andre alternativ i samarbeid med kommune og grunneigarar. Ei samla vurdering basert på tilgjenge, storleik på området, lokalklimatiske tilhøve og topografi konkluderer med Gjersvika som den best eigna lokaliteten for privat småbåthamn i Våge. Stadanalysen var bakgrunn for at interimstyret for båthamn i Våge vart danna, og byrja arbeida med planar for båthamn i Vågeområde. Interimstyret avventa planarbeidet i høve til arbeidet med stadanalysen i Våge som vart lagt fram våren 2008. Arealet som vart peika på i rapporten, er i samsvar med planframlegget som no vert lagt fram.
Bilde: ”Ei småbåthamn krev mykje parkeringsareal. Det er ikkje plass i Vågsvika. I Svevågen er det plass, men areala kan med fordel nyttast til andre føremål. Dersom grunneigarane er positive vil Gjersvika kunne vere eit godt alternativ for ei større gjestehamn”(Stadanalyse Våge s.72).
Ei småbåthamn i Gjersvika løyser behov for tilgang til sjø og båtplassar for Vågebygda, på fylgjande punkt:
- Løyser naudsynt behov for båtplassar i Våge
- Fellesanlegg for båtplassar lettar presset på øvrig areal til sjø i Våge
- Plassering samsvarar med tilrådingane i stadanalyse for Våge
- Tilgang til offentleg badeområde i gangavstand skule / barnehage
- Ny veg fram til offentleg veg, kan nyttast til fleire føremål.
6. Lokalisering av båthamn – drøfting av alternative plasseringar.
Diskusjon av lokaliseringsalternativ er ofte knytt til overordna planar. Val av lokalitet er likevel grovt drøfta nedanfor å syna begrunna val av lokalisering i Gjersvika. Kartskisse over Gjersvikvågen (nedanfor) viser alternative plasseringar for ei båthamn (merka med nr.1-5). Dei store føremonene med lokaliteten i Gjersvika (nr.1) er vegløysing og parkering med minimale inngrep i eksisterande landbruksområde, samt særs gode hamnetilhøve. Ei båthamn med plass for over 100 – 150 båtar, krev skikkeleg infrastruktur på land. Ingen av dei eksisterande vegsystema i område er av ein slik art at det er foreineleg med trafikk til ei båthamn av ein slik storleik. Difor er det lagt opp til ny veg. Den nye vegen erstattar eksisterande veg til sjø over Gnr.96, Bnr.2. Denne vert tilbakeført til jordbruksareal. Avstanden frå RV 49 til parkeringsplass for båthamna er tilstrekkeleg til at ein får laga ein veg med tilfredstillande stigningstilhøve. Det planlagde parkeringsarealet med plass til om lag 50 bilar er for ein stor del lagd på utfylte og utsprengde massar. Ein unngår slik unødig bandlegging av jordbruksareal. Strandsona der parkeringsarealet ligg er av låg kvalitet med grunn evjebotn. Med etablert veg over til Hønsaholmen, vert deler av strandsona her opna for ålmenta for opparbeiding av offentleg tilgjengeleg badeområde. Området ligg i gangavstand frå Tysnes Skule og ny planlagd Barnehage.
Alternative plasseringar av småbåthamn i Gjersvikvågen:
Lisbetneset (nr.2) Her er ei mogeleg alternativ plassering til Hønsaholmen. Hovudproblemet her vert veg og plassering av parkeringsareal. Her er det mange høgdemeter på relativt kort avstand frå RV 49. Dette vil krevja eit veganlegg med fleire svingar og større terrenginngrep. Belastninga med anlegg på land vert vesentleg større i høve til jordbruksareal.
Bøneset (nr.3) Her er nok ei mogeleg plassering. Her vil det vera råd å få til ei vegløysing, men parkeringsarealet vil koma i konflikt med jordbruksareal av høg kvalitet. Det er og kulturminne i strandsona i tilknyting til gamal dampskipskai, noko som ikkje vil vera foreneleg med ei småbåthamnplassering. Bøneset er og vesentleg meir verutsett.
Kvernavika (nr.4). Her byr løysing for veg og parkeringsareal på store utfordringar. Det er god plass til eit anlegg i sjø men ikkje infrastruktur på land. Det må anleggjast heilt ny veg, og ein kjem i konflikt med landbruk og kulturlandskap. Eit anlegg her vil og komme inn på mange ulike grunneigarar, som ikkje utan vidare vil vera interessert i eit slik anlegg.
Gjersvikeidet (nr.5). Her syner det seg at det vil vera vanskeleg å plassera eit anlegg av nemnde storleik utan å koma i konflikt med eksisterande naustområde. Likeeins vil det ikkje vera plass for eit parkeringsanlegg av naudsynt storleik. Området er svært utsett frå vind frå vest.
Alternativ for båthamn på nordsida av Gjersvikvågen, ser ein heilt bort frå, grunna eksisterande veg til Tysnes/Gåsevik. Denne er av ein slik karakter at det ikkje vil vera forsvarleg å auka trafikkgrunnlaget ved etablering av ei båthamn av slik storleik.
![]() |
| Bilde: Kartskisse over Gjersvikvågen med ulike alternative plasseringar for båthamn (nr.1-5). |
Ut i frå 5 moglege lokaliseringar for båthamn, basert på større småbåtanlegg med tilhøyrande parkering og vegtilførsel, er alternativ 1 og tiltaksområde det beste alternativet. Sjølv om denne småbåthamna ikkje enno er med i gjeldande kommuneplan, er det både politisk og administrativt vilje til å gje løyve til utarbeiding av reguleringsplan for dette viktige føremålet i Tysnesbygda. Kommunen har det siste året jobba med prioritering av tema i planprogram for revisjon av gjeldande kommuneplan. Likevel vil det ta lang tid før denne er godkjent og kan vera grunnlag for reguleringsplan. Oppstart av reguleringsplanen vart drøfta i utval for landbruk og teknisk 1/9-2008, og det vart fatta positivt vedtak. I etterkant vart det arrangert møte og synfaring med Fylkesmannen 22/10-2008 for å diskutere planskisse og planprosess.
7. Planforslag
Planområdet har eit samla areal på 43047 m² og fordeler seg på dei ulike planføremåla på fylgjande måte:
| Føremål |
Areal (m²) |
| Naust |
656,2 |
| Landbruksbygg |
285,4 |
| Område for industri |
334,8 |
| Landbruksområde |
5128,5 |
| Offentleg kjøreveg og anna veggrunn |
1335,0 |
| Offentleg badeområde |
148,7 |
| Privat småbåthamn (land) |
3367,7 |
| Privat småbåthamn (sjø) |
5008,7 |
| Friluftsområde (på land) |
2961,1 |
| Friluftsområde (i sjø) |
18965,7 |
| Privat veg |
17,0 |
| Felles avkjørsel |
3281,0 |
| Felles parkering |
1557,2 |
5.1 Naust
I planområdet fins det 5 eksisterande naust innerst i bukta. Planframlegget legg til rette for ei ny naustrekke med plass til 4 einingar. Eksisterande naut vert såleis fortetta i samsvar med fylkesplanen: ”Nye naust bør som hovudregel samlast i eigne naturmiljø der ein planlegg med tanke på felles båthamner, opplagsplassar og anna”. Dette er også i samsvar med Tysnes kommune sine eigne retningsline i kommuneplan. Det er imidlertid viktig å leggja vekt på landskapsmessige tilpassingar og estetisk utforming av eit tiltak i strandsona, og bl.a. skal naust tillatast innanfor gjeldande retningsliner: ”Råd om planlegging og forvaltning av strandsona i Hordaland”.
Sump- og evjesjøområde ved dei nye nausta vert fylt att og planert til same nivå som eksisterande naust. Planeringskote 2 +/-0,5
5.2 Landbruksbygg
Grunneigar av bruk 95/4 har lenge hatt behov for eit reiskapshus til sine jordbruksreiskapar. Etablering av eit bygg bak eksisterande naust har lenge vore tenkt som eit lokaliseringsareal for eit slikt bygg. Her er området alt planert ned og terrenget ligg utan vegetasjon. Byggområdet vert no regulert inn i planen.
5.3 Område for Industri
Eit lite industriområde er regulert inn i planen i samsvar med overordna kommuneplan. Området tilhøyrer eksisterande industri i området. Området vert nytta som parkeringsområde
5.4 Landbruksområde
Heile planområdet er i dag eit LNF-område i kommuneplanen. I planforslaget vil eksisterande veg til naustet innerst i Gjersvikbukta (bruk 96/2) verta erstatta av ny felles tilkomstveg til småbåtanlegget. Eksisterande veg vert tilbakeført til jordbruksføremål. Dette området er vist som landbruksområde i plan.
5.5 Offentleg kjøreveg og anna veggrunn
RV 49 har fått dette føremålet. Ingen endringar vert gjort på den offentlege vegen. Eksisterande vegstatus og vegklasse vert oppretthalden slik den er i dag.
5.6 Offentleg badeområde
Område nord på Hønsaholmen vert opparbeida som badestrand. Stranda er avskjerma for vind, og vil få gode soltilhøve når under- og krattvegetasjon vert fjerna på holmen. Det vert naudsynt å reinska opp i standsona og etablera sandstrand. Ein universell utforma gangveg vert etablert til badestranda. Stranda er offentleg og kan nyttast av alle.
5.7 Privat småbåthamn (sjø)
Det vert etablert eit småbåtanlegg med plass til 100 båtar. Anlegget er ca 90m* 54m. Anlegget vert oppankra med kjetting til betonglodd/anker på sjøbotn. Djupneforholda er gode og området er egna for ei småbåthamn.
5.8 Privat småbåthamn (land)
Ein del av Hønsaholmen får dette føremålet. Her vert det etablert anlegg tilknytt småbåthamna med servicebygg, veg og parkering. Tre av parkeringsplassane vert handikapparkering. Ein nyetablert veg ut til Hønsaholmen vert nytta som veg i småbåtanlegget. I tillegg vert det etablert ein større parkeringsplass på fastlandet. Her er strandområdet delvis utfylt, og ein vil fylla ut fronten slik at den vert rettlinja og får ein steinsett front (sjå fylling i sjø under ROS). På utfyllinga vert det etablert rader med parkeringsplassar.
På sørsida av Hønsaholmen vert strandsona nytta slik den ligg i dag. Her kan det vera aktuelt å etablera ei flytebrygge.
Det har vore diskutert med kommunen å etablera opplagringsplass for båtar bak eksisterande naustområde. Dette vert no gjort, men området kjem under føremålet ”felles parkering” da området delvis vert nytta som parkering til nausta.
Totalt vert det etablert over 50 parkeringsplassar i tilknyting til småbåthamna. Dette ligg over kravet som kommunen har sett med eit parkeringsdekning på 50%. i forhold til båtplassar.
5.9 Friluftsområde (på land)
Området vert ålment nytta ihht. friluftslova. Ein gangveg til badeområde vert etablert på Hønsaholmen. All kratt- og undervegetasjon vert fjerna herfrå, medan einskilde prydtre vert ståande igjen i området. Eit tilrettelagt friluftsområde med gangvegar og badeplass gjev eit betre tilgjengeleg sjøområde enn det som er gjeldande med dagens sump- og gjørmeområde.
5.10 Friluftsområde (i sjø)
Sjøområde rundt småbåthamna og inn til nausta er avsett til dette føremålet. Her vert det fri ferdsle for båtar til og frå småbåtanlegget og eksisterande og nye naust. Kommunen kan setja krav om farstregulering for båtar her.
I gjeldande kommuneplan er heile Gjersvikvågen avsett som kaste- og låsseplass. Ved etablering av småbåthamn i Gjersvika vil ikkje dette området lenger vere aktuelt med dette føremålet. I ny kommuneplan bør difor område avgrensast til ikkje å omhandla den delen av Gjersvika der båthamna vert etablert. Ein forventar at stortrafikken med småbåtar vil reisa ut av Gjersvikvågen og ikkje nytta nærområdet i så stor grad. Konflikt med sjøområdet sin kaste- og låsseplass vert vurdert som minimalt.
5.11 Privat veg
Bruk 95/4 sin private traktorveg til jordbruksområde og sjøareal kjem inn og koplar seg på felles veg i planområdet (merka ”felles avkjørsel”). Grunneigar kjem til å nytta denne vegen til og frå det nye landbruksbygget.
5.12 Felles avkjørsel og parkering
Det vert etablert ny veg ned til småbåthamna. Vegen er dimensjonert for større kjøretøy og vert lagt om i frå eksisterande kjerreveg i området grunna stigningsforholda. Eksisterande veg er svært bratt og dårleg og vert difor erstatta med ny. Felles vegen skal nyttast av biltrafikk til og frå småbåthamna, naustområdet og offentleg badeområde. I planen er felles avkjørselen vist som eit breitt området, dette for å ta omsyn til evt. fyllingar vegen. Endeleg vegplassering vert gjort i ein detaljprosjektering. Ein skal då leggja til rette skråningar mot vegen slik at dei kan verta ein nytteverdi for grunneigar samstundes som den gjev ei estetisk utforming.
Sjølve avkjørsel frå RV 49 er ikkje dimensjonert til at større kjøretøy kan gjera ein 180 grader sving frå riksvegen og inn på avkjørselen. Privat bustad i området gjer det umogeleg å utvida avkjørselen slik at større kjøretøy frå vest kan svinga dirrekte inn på avkjørselen. Alle større bilar må difor komma køyrande inn på avkjørselen frå aust, dvs. på same side som avkjørselen ligg. Ei omlegging av avkjørsla kjem i konflikt med andre interesser, men kan vera eit alternativ i framtida, dersom denne løysinga ikkje er haldbar. Ein forventar at hovudvekta av kjøretøy til og frå småbåthamna vert småbilar og det er avkjørselen dimensjonert for.
I området bak dei nye nausta vert det naudsynt å fylla igjen sumpområde/sjø (sjå om fylling under ROS). Dette området får føremålet felles parkering.
Ein del av felles parkeringsarealet kan i vinterhalvåret avsperrast og nyttast som båtopplagringsplass i regi av Tysnes Båthamn.
Det vert sett krav om 1 parkeringsplass pr. nye naust i planområde, noko som er i samsvar med kommuneplan. Fellesparkeringa skal nyttast som parkeringsområde av nausteigarane.
8. Risiko og sårbarheit – vurdering av konsekvensar for båthamn
Fylling i sjø:
Det er gjort lodding av djupneforholda aust for Hønsaholmen som viser at område er djupt nok til å etablere ei småbåthamn her. Gjersvikbukta ligg med front mot aust og vil difor ikkje vera utsett for sterke vindar frå nord og nordvest. Gjersvika er ei relativt stille vik og har alle føresetnad for at ei båthamn kan etablerast her.
Det vert aktuelt å fylle i sjø fleire stader i planområdet. Det vert utfylling mellom Hønsaholmen og småbåthamna (sjø), langs parkeringsområde i småbåthamn (land) og ved naustområda. Ved småbåthamna (sjø) og parkeringsplassane vert det aktuelt å fjerna dårleg sjøbotn og fylla på med sprengsteinsfylling. I front og langs sidene av fyllinga vert det etablera natursteinsmura frå sjøbotn og opp. Ein steinsett front vil gje området eit felles estetisk utsjånad. Steinmuren er også med på å stabilisera fyllinga og hindra erosjonsutvasking av grunn. Lags eksisterande veg til Hønsaholmen vert det lagt større steinar i fyllingssida som skapar eit felles bilde som harmonera med resterande murar og langs vegen vert det etablert stabbesteinar. All fylling i sjø må skje med løyve etter Hamne- og farvasslova. I område for naust vert det i tillegg utskifting av massar. Her må det dokumenterast kva massane skal nyttast til.
Kulturminne
![]() |
| Bilde: Kulturminneinformasjon frå ”Kart i Vest” |
Det er ved søk i Askeladden og fylkeskommunen sin database ”Kart i Vest” ikkje funne registerte kulturminne eller SEFRAK registerte bygningar innanfor plangrensa. Einaste registrerte fornminne i området er ein gravhaug ytst på Gjerstadneset, men dette området ligg utanfor plangrensa.
Hordaland Fylkeskommune skal gjennomføra arkeologisk undersøking i området. Dette vert gjort i høyringsfasen av planprosessen.
Natur- og friluftsområde
Kart frå Direktoratet for naturforvaltning sin naturbase, og INON – inngrepsfrie naturområde, syner at det aktuelle området ikkje er kartlagt med særskilt tyding for temaet biologisk mangfald og inngrepsfrie naturområde. Tiltaket vert difor vurdert til ikkje å koma i konflikt med viktige friluftsinteresser eller overordna grønstrukturar.
Det er i dag ikkje tilgjengelege offentlege badeplassar på nordre del av Tysnes utan bruk av båt. Tiltaket vil leggja til rette for offentleg badeområde, med god vegtilførsel og parkering. Området vil såleis gjera delar av strandsona meir tilgjengeleg for ålmenta. Tiltaket skapar ikkje barrierar for nærmiljøet, men skapar betre tilgjenge til strandsona for ålmenta. Området er i dag ikkje nytta som utfartsområde.
![]() |
![]() |
Bilde: Utsnitt DN Naturbase
Bilde: INON – inngrepsfrie naturområde DN |
![]() |
Tiltaket er vurdert slik at det ikkje er lokalisert i eller kjem i konflikt med viktige inngrepsfrie naturområde, eller utgjer ein trussel mot direkte trua eller sårbare artar og deira leveområde. Tiltaket er imidlertid med på å styra friluftsinteressa ved tilrettelegging av parkering, småbåtanlegg og badeområde og gjev betre nytting av området enn kva som er tilfelle i dag.
LNF
Planområdet på land er i gjeldande kommuneplan avsett til LNF-område.
Det er i hovudsak tilførselsveg frå Rv 49 til området som omdisponerer landbruksareal til vegføremål. Ein del vegareal vert tilbakeført til landbruksføremål ved at eksisterande tilførselsveg til bruk 96/2 no vert erstatta. Den nye tilførselsvegen vil ikkje skapa vesentleg barriere for dagens landbruksverksemd grunna etablering nærme eigedomsgrensa og i ytterkant av landbruksområde.
Strandsona er i dag prega av utfyllingar og veg. Ei etablering av ny veg og parkeringsareal i området gjer at svært lite jordbruksland går tapt. Hønsaholmen har ikkje tidlegare vore nytta til aktivt jordbruksføremål.
Støy
Det er ikkje gjort støykartlegging av tiltaket i området. Det vert mest støy under anleggsperioden ved etablering av småbåthamna. Støy frå eit ferdig småbåthamn vert vurdert som minimal.
Ved eventuelle klage vil Tysnes båthamn i etterkant utføra støymålingar, desse vil avdekka eventuelle behov for avbøtande tiltak.
Ras og flaum
Området er ikkje vurdert utsett for rashendingar av tyding. Eit tiltaksområde inne i ei vik, som Gjersvika, er godt skjerma og relativt lite utsett for ekstrem vær og vind som skapar flaumhendingar med negative konsekvensar. Eit småbåtanlegg er konstruert til å tole variasjonar i vassnivået og vil vera godt forankra til å kunne tole sterk vind og straumar i sjø.
Vassforsyning, avløpsanlegg og renovasjon
Planar for teknisk anlegg for området vil bli avklart i samband med detaljprosjektering av området.
Samla sett vert tiltaket vurdert til ikkje å koma i konflikt med område med særleg verdifullt landskap, naturmiljø, kulturminne, ras, flaum eller støy som gjer det naudsynt med ekstra tiltak.
9. Planhistorie
I september 2008 blei søknad om oppstart av privat planarbeid vedtatt i utval for landbruk /teknisk, Tysnes kommune. Utvalet var positive til å gå vidare med saka.
Saka vart sendt ut på høyring 12.03.09 med svarfrist 02.04.09. Merknadane til planen er handsama i punktet nedanfor.
10. Innkomne merknader til planen
Det er kome inn 10 merknader til planen:
-
- Tysnes Vassverk, brev av 17.03.2009
Tysse Vassverk ber om at eksisterande sjøleidningar i området vert ivareteken på ein forsvarleg måte ved planen. Elles her dei ingen merknader til planen
Kommentar: Sjøleidningane vert avmerkt på plankartet og teke omsyn til i det vidare planarbeidet.
-
- Hordaland Fylkeskommune – kultur og idrettsavd., brev av 16.03.2009
Det er i dag ikkje kjennskap til automatisk freda kulturminne eller andre verneverdige kulturminne i planområdet. Det er kjent ein del automatisk freda kulturminne og arkeologiske funn på Gjerstad. Spesielt ein del gravhaugar er det i området.
HF ber om at eventuelle kulturminneinteresser vert tatt omsyn til i det vidare planarbeidet.
Ei arkeologisk utgraving vert gjennomført i området.
Kommentar: Hordaland Fylkeskommune skal gjennomføra arkeologisk undersøking i området. Dette arbeidet vert gjort i høyringsfasen av planprosessen.
-
- Kystverket – Vest, brev av 20.03.09
Tiltak i sjø som bygging av kai, utfyllingar, utlegging av flytebrygger og leidningar i sjø krev løyve etter Hamne- og farvasslova. Opplysningar om dette må innarbeidast i reguleringsføresegna.
Kommentar: Merknaden er teke med i reguleringsføresegna.
-
- Advokatfirmaet Steenstrup Stordrange DA, brev av 30.03.09
Advokatfirma representerer M og I Horne, gnr-96, bnr.21, og E. Pedersen, gnr.96, Bnr.22, og dei fremmer innsigelse mot reguleringsplan presenterte i oppstartsmeldinga frå 12. mars 2009. Innsigelsen er grunna ut i frå 3 hovudpunkt, med fylgjande påstandar:
I) Påstand: Negativ konsekvensar for klientane:
Kritisk til å etablera eit hamneanlegg bare 50-80 m utanfor stova til klienten. Båthamn vil gje forstørringar, støy, visuelle ulempar. Det er viktig at ulike arealformål harmonere med kvarandre, medan her er arealbruket gjensidig uforeinleg (bustadområde – båthamn). Vassleidning deira går tvers gjennom området.
Natur: Område eit viktig leveområde for overvintra fugleartar bl.a. svaner og hekkeområde til hegrekoloni. Badestand er lite eigna i området pga. grunt ved fjære sjø, samt at stor båthamn med trafikk ca 20-30 m frå badestada er uheldig og lite realistisk. Bruk av strandsona for ålmenta og friluftsinteressa vil verta øydelagt om den planlagde utbygginga tilrådes.
II) Påstand: Strid mot nasjonal og regional retningslinjer om forvaltning i strandsona:
Forslaget føre til ei nedbygging og intensiv bruk av funksjonell strandsona i LNF-område. Dette er ikkje i samsvar med nasjonal og regional retningslinjer for forvaltning av strandsona. Strandsonevernet er i dag betydelig skjerpet i forhold til tidlegare praksis. I Fylkesplanen i Hordaland står det at strandsona skal haldast open og tilgjengelig for ålmenta slik at ikkje verdifull område vert nedbygd. Ålmenta sine friluftsinteresser skal prioriterast før utvikling av private fritidseigedomar i strandsona. I LNF- område i strandsona skal bygging ikkje tillastast utanom i samband med tradisjonelt landsbruk, fiske og havbruk knytt til gardsdrifta. LNF-område avsett til spreidd utbygging skal ikkje lokaliserast i 100-m belte eller i areal definert som funksjonell strandsone.
III) Påstand: Krav om konsekvensutredning (KU):
Me seier oss usamde med tiltakshavar sitt forslag som ikkje vil fordre KU i forhold til konsekvens-
utredningsforskrifta. Etter vår oppfatning tilseier KU-forskrifta klart at KU må foretas i eit
tilfelle som dette. Me meiner tiltaket er konsekvensutredningspliktig etter bl.a. natur og miljø §3-1-c, jf. §4b, LNF – §4-f, støy §4-g. Totalt bør det stilla krav til KU for følgjande tema: naturmiljø, landskap, kulturmiljø, strandsone, nærmiljø, friluftsliv, universell utforming, trafikk og støy, vær og vindforhold og biologisk mangfald. Alternative lokaliseringar bør utgreiast. Det er per dags dato ikkje utarbeidet nokon analyse av forskjellige alternative til småbåthamn i Våge. Eit alternativ som etter våre klientars oppfating kan vere velegna er området innerst i Gjersvikvågen, kor det i dag bare er naust og ingen busetnad som vert rørte. Det er viktig at eit slikt stort tiltak vert vurdert opent og uhildra og at “miljøvirkningene av ny utbygging skal gjennom planprosesser vurderes grundig, framtidsrettet og i en helhetlig sammenheng” (St.meld.nr.26, 2006-2007).Tysnes kommune bør sikre at tiltaket får ein handsaming i samsvar med gjeldande reglar og forvaltningsprinsipp.
Kommentar/faktiske opplysningar:
Kommentar:
I) Kartskisse synar at båtanlegget vert etablert ca 100 – 110 m frå stova og ikkje 50-80m som påstått i merknaden.
Etablering av båthamn i nærleik av bustadområde er ikkje sett på om uforeinleg, dersom tiltak vert gjort for å hindra negative konsekvensar, som bla. fartsreduksjonar rundt båthamna og inn til nausta.
Området som advokaten referer til er heller ikkje å sjå som bustadområde, då det berre er eitt hus.
Nemnte vassleidning går gjennom eksisterande utfylt vegtrase til Hønsaholmen og er teke omsyn til i dette arbeidet.
Likeeins hevdar dei at tiltaket vil ha konsekvensar for særleg verdifulle naturmiljø, ein av Vestlandets største hegrekoloniar og anna fugleliv. Ein påstand som ikkje er rett. Det er ikkje registrert noko særskilte funn/registreringar i Direktoratet for naturforvaltning sin naturbase for område. Gråhegre fins over mest heile Tysnes , med store førekomstar i Godøysundområdet, bestanden har auka monaleg dei siste 20 åra. Arten er ikkje truga.Einaste registrerte yngleområde på Tysnes finn vi i Uggdal ovanfor Tysnes sjukeheim BA00001379, Uggdal. Kva gjeld fugleliv elles så er det spreidd hekking av Måke, Terne og ein og annan Tjeld. Men her har ein freda hekkeområde med Fluøyane like i nærleiken. Grågås er ein annan art som dei siste åra har hatt tilhald i periodar. Grågåsa kjem tidleg i mars og beitar kraftig på jordbruksareal i området før mesteparten dreg vidare. Problemet er så stort at grunneigar har fått tildelt fellingsløyve grunna avlingsskade.
Ei tilrettelagt og opparbeida badestrand vil kunne fungera bra sjølv om nærleiken til småbåtanlegg er 20-25 m. Eit av tiltaka for etablering av badeplass vert oppreinsking i eksisterande evjemassar (sjøbotn) og påfylling med sand for tilrettelegging for nettopp bading. Det er samtidig viktig for Tysnes båthamn å ha ei miljøvennleg båthamn og på best mogleg måte hindra at nærområde og badestrand vert forureina. Ei tilrettelagt badestrand med vegar og parkering gjer område meir tilgjengeleg for ålmenta og gjev styrka moglegheita for alle å kunne nytta området. Strandsona vil etter utbygginga verta meir tilgjengeleg for ålmenta, og det vert lagt til rette for natur og friluft i planen .
II) Den funksjonelle standsona på Tysnes er ikkje kartlagt så grad av tilgjengeleg funksjonell strandsone er uavklart. Definisjon på funksjonell standsone er: ”Den sona som står i innbyrdes direkte samspel med sjøen, både økologisk, topografisk og eller bruksmessig. Den kan vera smalare eller breiare enn 100 –metersbelte” (Fylkesplan for Hordalnad 2005-2008). Den funksjonelle strandsona i planområdet er sterkt avgrensa grunna jordbruksaktivitetar. I tillegg skapar sumpområde ein barriere for nytting av området. Tilrettelegging av området vil gjera det meir tilgjengeleg for ålmenta.
Eit småbåtanlegg må etablerast i strandsona uansett kvar det vert etablert, og lokaliseringsfaktorar som favoriserer til etablering av båthamn i Gjersvika og Hønsahaugen er drøfta tidlegare i planomtalen. Tiltaket er imidlertid i strid med overordna plan. Men det er ynskjeleg å tilretteleggja for ei båthamn utan å gå om kommuneplan, då ein meiner tiltaket er viktig for lokalsamfunnet på Våge. Å vente enda lengre i påvente av ny godkjent kommuneplan er lite ynskjeleg og oppstart av planarbeidet er støtta av kommunen. Ein av kommunens visjonar er å kunne gje tilbod om kjøp av båtplassar ved kjøp av tomter på Tysnes. Tilgjenge til sjø og båtliv er sentrale element i ein øykommune.
III) Krav til KU. Det er utarbeida eit utvida oppstartsmelding der krava til KU er gjennomgått punkt for punkt i hht. Forskrifta om konsekvensutgreiing §§ 3 og 4. Tiltaket er vurdert til ikkje å utløysa KU-krav. Verken Fylkesmannen eller Hordaland fylkeskommune har krevd KU etter forskrifta for nokon tema i tilknyting til tiltaket. Tysnes kommune har heller ikkje komme med krav om KU utgreiingar i saka.
Advokaten hevdar at planen inneber større omdisponering av landbruks natur og friluftsområde, dette er ein påstand. Det vert i dag drive aktivt landbruk heilt ned til strandsona, arealet som vert disponert for båthamna er for ein stor del utfylte massar og uproduktiv mark.
Etablering av båthamn lenger inne i Gjersvikvågen, som vert framstilt som ei alternativ løysing, har andre konfliktfylte moment som er nemnt tidlegare i planomtalen.
-
- Annlaug Gjerstad, brev av 28.03.09
Merknaden går ut på at plangrensa i oppstartsmeldinga i sjøe går delvis over henna eigedom (g/bnr. 96/1) og alt for nærme naustet som ligg der. Grensa bør gå etter ”midlineprinsippet” og må difor justerast.
Kommentar: Akvator AS har vore i telefonkontakt med A. Gjerstad og forklart kva tiltak ein ser for seg mot henna grense og kvifor grenselinja til planen går der den går. Det blei bestemt at plangrensa går som vist i oppstatsmeldinga, utan at dette har innverknad på bruk og nytte av henna naust eller eigedom (g/bnr. 96/1).
-
- Stiftelsen Bergen Sjøfartsmuseum, brev av 02.04.09
Museet kjenner ikkje til marine kulturminne i planområdet. Tiltaksområde omfattar imidlertid
eit stort sjøbotn areal i eit område med potensiale for verna marine kulturminne.
Det vert krav om å gjera registrering i standsona og sjø i forbindelsen med planarbeidet
Kommentar: Marinarkeologisk synfaring vart gjort i slutten av mai-09, der ein konkluderte med at ein ikkje trong utføra vidare undersøking i området.
-
- Fylkesmannen i Hordaland – miljøvern og landbruk, brev av 16.04.09
Planleggar har vurdert at reguleringsplan ikkje utløyser krav til KU.
Miljøvern:
Det viser til at planføremålet er i strid med overordna plan. Lokalisering av ny småbåthamn bør etter fylkesmannen sitt syn avklarast i samband med rullering av kommuneplanen.
Ein ynskjer ei strengare og meir langsiktig standsoneforvaltning og oppmoding om strengare
praksis ved handsaming av plansaker og dispensasjonar i 100- meters belte. Lokalisering av ny småbåthamn bør skje i samband med regulering av kommuneplanen. Fylkesmannen rår difor frå vidare arbeid med denne reguleringsplanen.
Landbruk:
Utbyggingsareal og vegareal vil kome i konflikt med jordvernet. Jordvern er ein
viktig premiss når ein skal finne nye område for utbygging. Dette er ikkje gjort i saka og
ein rår frå vidare arbeid med planen.
Dersom ein vil vidareføre planarbeidet – kjem landbruksavd. med fylgjande innspel:
1. Dyrka mark er ikkje ein fornybar ressurs – som må taksast omsyn til i planarbeidet. Krav om
følgjande rekkefølgjekrav: ” Før utbygging skal det gjerast greie for handtering av jordressursane.
jord frå landbruksareal (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) som vert utbygd
skal sikrast vidare bruk, primært til jordbruksføremål. Eventuell nydyrking må avklarast i samsvar
med “Forskrift om nydyrking”.
2. Innanfor planområdet er det i dag to vegar som går ned til sjø. Planskissa viser planer om
ein tredje veg. Landbruk rår til at ein arbeidar for ei vegløysing.
3. Landbruksansvarleg i kommunen bør tidlig vert trekt inn i planprosessen
Kommentar:
Planarbeidet vert vidareført.
I møte 24.04.09 mellom tiltakshavar og Tysnes kommune, var også jordbruksansvarleg i kommunen. Krava til fylkesmannens si landbruksavdeling vart diskutert og krava vert etterkomne på best mogleg måte. Punkt 1er tatt med i reguleringsføresegna.
-
- Fiskeridirektoratet – region vest, brev av 17.04.09
Sjøarealet i planområdet er avsett til fiske, kaste- og låssettingsplass. Direktoratet ber om at det vert føreteke nærare undersøking om reguleringsarbeidet vil føre til konsekvensar for bruk av sjøområde til fiske. Det lokal fiskarlaget vert inviter til å kome med sine synspunkt og tilrådingar i den vidare planprosessen.
Kommentar: Det lokale fiskarlaget, Midthordland fiskarlag ved kontaktperson A. Arentzen blei kontakta pr. telefon 08.06.09 for synspunkt om saka. Dei hadde ingen merknader til tiltaket og hadde difor ikkje kome med skriftleg merknad til plan. Området er ikkje nytta som kaste og låssetingsplass i dag.
-
- Statens vegvesen, brev av 27.04.09
Generelt vil vi leggja vekt på at reguleringsplanen viser trafikksikker tilkomst frå Rv 49 og at tilkomsten vert regulert og bygd i samsvar med vegnormalane i.h.t. utforming og siktforhold.
Kommentar: Vegtilkomsten vert utført ihht. vegnormalen.
-
- Tysnes kommune – jordbrukssjef, uttale av 06.05.09
Planutkast for tiltaket ble motteke for uttale etter eit møte 24.04.09 mellom tiltakshavar, Akvator AS og Tysnes kommune. Det er viktig at plangrensa omfamnar nok areal for det føremålet planen er meint for, men ikkje ta med meir enn naudsynt. Det vert opplyst om at ny tilførselsveg vert etablert ut i frå mogelege traseval som gjev tilfresstillande stigning og kurvaturtilhøve. Eksisterande kjerreveg vist i område er i dag meir ein del av terrenget enn veg og utgår. Å nytta eksisterande veg lengst nord vil føre for auka trafikk gjennom gardstun og er ikkje ynskjeleg. Ny veg vert difor vurdert som naudsynt til båthamna. I plankartet vises parkering/serviceanlegg for båthamn lengst nordvest. Ved å plassere parkering her i omtrent den bredda som er markert frå vegens slutt og fram til nordleg plangrense, samt flytte arealet for serviceanlegg til areal mellom veg og ny naust (fylling i vik) og vidare leggje plangrensa til venstre del av vegen, vil landbruksareal verta spart samstundes som arrondering vil verta betra. Dersom ein tar omsyn til det skisserte forslaga, er det råd å kome fram til ei løysing som kan tilrådast. Det er då teke omsyn til at det er eit stort behov for eit slikt anlegg i området, og at det ut frå samfunnsmessige omsyn er behov for å kome fram til ei løysing som kan aksepterast og vere tilfredsstillade for alle parter.
Kommentar: Merknaden til jordbrukssjefen er teke omsyn til planframlegget, og minst mogeleg jordbruksland vert dermed rørt av tiltaket.









