Årsmelding
Etter stiftingsmøte 18.01.09 har Tysnes båthamn i 2009 hatt 6 styremøte og eitt omframt årsmøte den 07.05.09. Styret i Tysnes Båthamn har etter konstituering 25.01, vore samansett slik: Lars Enes leiar
Atle Teigland nestleiar
Olav Andersen kasserar
Arne Leite skrivar
Bjørn Lande styremedlem
Terje Sløgedal varamedlem
Kenneth Fagerbakk varamedlem
Styret starta med å føra vidare arbeidet som var gjord av ” interimstyret for Våge Båthamn.”
Grunnlaget for oppstart av planarbeid var for det meste klart, og oppstartsmelding vart lagt ut 12.03.09. med 3 vekers frist for merknader. Det kom inn merknader frå Fylkesmann og fylkeskommune som varsla historisk forundersøking, samt frå andre offentlege etatar og naboar til anlegget. Styret fann ut frå merknader og krav til planen, å kalla inn til omframt årsmøte 07.05.09 for å avklara vidare arbeid med medlemene.Det vart gjord fylgjande vedtak:
”Styret i Tysnes Båthamn får fullmakt til å fullføra arbeidet med reguleringsplanen for småbåthamn ved Hønsaholmen. Herunder tinging av arkeologisk og marinarkeologisk registrering, ved Hordaland Fylkeskommune og Bergens Sjøfartsmuseum til ein kostnad av om lag kr.100.000. Dette kjem i tillegg til tidlegare fullmakt på kr.250.000 til finansiering av reguleringsplan. Styret får med dette fullmakt til finansiering av planarbeid frå medlemene på inntil kr.400.000. Dersom ein får pålegg om konsekvensutgreiing, får styret fullmakt til å heva beløpet med ytterlegare kr.100.000”
Årsmøte gav såleis styret mandat til å fremja reguleringsplan for Tysnes Båthamn. Målet var då å få planen lagt ut innan 01.07.09 før nye reglar i plan og bygningslova ville gjera konsekvensutgreiing obligatorisk. Det var ikkje meir enn tid og veg. Akvator sette trykk på planarbeidet og Tysnes kommune stilte opp med å leggja til rette for at planen kunne koma opp på siste møte før ferien. Reguleringsplanen vart behandla og fremja på møte i hovudutval for landbruk og teknisk 23.06.09. Med frist for merknader 01.09.09. Styret tinga og historisk forundersøkjing på land og i sjø stter krav frå kultur og idrettsavdelinga hjå fylkeskommunen.
Det kom inn merknader frå naboar og fylkeskommune på reguleringsplanen. Fylkesmannen ba om utsett frist grunna stor saksmengd. Den 24.09 fremja dei motsegn mot planen hovudsakeleg ut frå at planen ikkje var i samsvar med overordna arealplan for kommunen. Det visste vi om, men båthamn var drøfta i stadanalysen for Våge, og gjekk inn som ein del av arealdisponeringa der.Arealplanen skal etter planen rullerast i 2010 og båthamna vil etter alt å døma koma med der, med den plasseringa vi har vald. Det skulle såleis liggja til rette for fylkesmannen å godkjenna planen som og samsvarar med deira eigne retningsliner , som ein finn i Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmann sin ”Strandsonerettleiar” frå 2007.
Formannskapet i Tysnes handsama Fylkesmannen si motsegn i møte 13.10.09 og gjorde vedtak om å be om mekling med fylkesmannen i saka. Representantar frå styret i Tysnes Båthamn hadde førebuande møte med Ordførar, teknisk sjef og rådmann 26.11.09 i høve mekklinga. Dato for mekling var då ikkje fastsett. Først i januar 2010 fekk Tysnes kommune melding om dato meklingsmøte 16.02.10.
I året som har gått har styret hovudsakleg arbeidd med regulerigsplanen for båthamna. I tillegg har ein fått på plass ein intensjonsavtale med dei to berørte grunneigarane. Pr.31.12.09 har Tysnes Båthamn om lag 70 medlemer som har teikna seg for om lag 80 båtplasser. Medlemene har finansiert planarbeidet med ein kostnad pr.31.12.09 på om lag kr.300.000 På heimesida til Tysnes Båtham : tysnesbathamn.com finn ein nærare informasjon om laget, vedtekter, oppstartsmelding, plankart , reguleringsplan og merknader til denne.
Tysnes 09.02.10
Styret for Tysnes Båthamn
Lars Enes