Årsmøte
Styreprotokoll – TYSNES BÅTHAMN
Tid: 25. April kl. 20:00
Stad: Tysnes Kraftlag lokaler, Våge
Tilstades: Lars Enes (leiar), Olav Andersen og Arne Leite, Atle Teigland, Bjørn Lande
og Terje Sløgedal (1.vara) og Kenneth Fagerbakk (2.vara)
Forfall: ingen.
Leiar Lars Enes opna møtet.
Referat frå førre styremøte vart godkjend. Referat frå årsmøte vart og gått igjennom.
Sak 1. Vegen vidare
Etter meklingsmøtet som gav negativt forhandlingsresultat har det vore møte med kommunen (21.4) og tre ulike vegar vart identifisert.
- Senda saka vidare til departementet
- Avventa ny kommunal arealplan
- Justera planforslaget
Kommunen sitt råd var å avventa rulleringa av arealplanen. Ved å prioritera området som omhandlar ny båthamn kan ein kanskje ta opp dialogen med fylket allereie til hausten. Å ta saka til departementet virka som lika tidkrevjande, sjølv om styret meiner me har ei sterk sak. Styret støttar instillinga frå kommunen om å ta saka vidare via vegen om ny arealplan.
Sak 2. Økonomi og medlemskontingent 2010
Medlemskontingent for 2010 satt til kr. 200.- pr. båtplass. Rekning vert sendt til medlemar i mai med betalingsfrist i Juni.
Sak 3. Aktivitetar 2010
Framleis påverknad av planprosessen vert viktigaste aktivitet i 2010. Dette vert gjort ved å støtta plansjefen (A.B. Rekve) med argument og dokumentasjon som styret i TB har, samt å delta på folkemøte 26/4. Det vart ikkje satt prioritering på å arbeida med anleggsvurdering enno.
Sak 4. Informasjon til medlemer
Årsmøtereferat, brev frå fylkesmann etter meklingsmøtet og informasjon frå styret om vegen vidare vert lagt ut på heimesidene. Det vert og vurdert å senda ut tilsvarande skriv i saman med innbetalings blankettar for medlemskontingent.
Sak. 5 Ymse
Ingen saker å refera
Møtet avslutta kl.21:48
Arne Leite
ref