Hamnereglement Tysnes Båthamn

Hamnereglement Tysnes Båthamn

Sist endra i Årsmøte 2018

GENERELT

Dette hamnereglement gjeld for alle eigarar og brukarar av båtar som ligg i Tysnes Båthamn sitt hamneanlegg.

Lagets vedtekter er overordna dette reglement.

Vedtektene og reglementet til båtlaget vert gjort kjent for alle medlemane, og dei pliktar seg ved medlemskapen sin å fylgja desse.

Brot på vedtektene og reglementet, eller pålegg gjeve av styret i samband med dette, kan føra til eksklusjon og bortvising frå hamna.

Styret utpeiker ein person som Hamneansvarlig. Denne personen har oppsyn med anlegget og opptrer på vegne av styret ved det «daglege» tilsynet.

Styret vil oppmoda medlemene å bruke hamn og anlegg på en slik måte at den er i god stand, framstår ryddig og utgjer eit trivelig miljø. Husk at vi sjølve betaler for alle skader som unødig slitasje og forureining fører med seg. Båtliv er ein positiv hobby som gir mykje glede og trivsel, la oss verna om miljøet.

BÅTEIGAR PLIKTER:

• Reinhald av eigne pongtongar, på gangbane og fortøyingsbom.

• Dugnadsinnsats i samsvar med vedtak på Årsmøte.

Båtar i anlegget må vera ansvarsforsikra og ligg for eigars/leigars rekning og risiko.

Brukar av båtplassen er ansvarleg for skader på bryggje og fortøyingsbommar ut over det som kan seiast å vera normal slitasje.

Båtar som ligg i hamna skal vera sjødyktige og bli tømd for vatn regelmessig slik at dei heller ikkje ligg halvt nedsunkne. Båtar som ikkje er sjødyktige eller på annen måte vitnar om manglande tilsyn, kan verta fjerna på eigar/leigars rekning. Dette kan bli gjort av Hamneansvarlig eller etter vedtak i Styret.

Fall på seglbåtar skal festast slik at dei ikkje lagar støy.

Det skal vera ro i hamna etter kl.23.00. Vedlikehaldsarbeid som kan vera støyande, på anlegg og båtar, skal i sommarhalvåret berre skje mellom kl 08 – 22.00 I vinterhalvåret mellom kl 08– 20.00

Etter sjøsetting om våren skal opplagsplassen ryddast. Bukkar og teknisk materialar skal vere fjerna seinast tre dagar etter sjøsetting. Styret kan gi dispensasjon frå tredagars fristen i enkeltsaker. Dersom fristen ikkje vert overheldt, kan styret kondemnere og fjerne bukkar og utstyr for eigars regning.

Ved felles landsetting av båtar om hausten, må båteigaren sørgje for at forsvarlige bukkar eller krakker er plassert på opplagsplassen seinast dagen før landsetting. Dersom ansvarshavande ikkje finner bukk/krakk forsvarlig, kan landsetting avvisast. Seglbåtar tas ikkje opp med mast.

Køyrety skal berre parkerast på tilrettelagde parkeringsplassar.

FORTØYNING, FENDRING OG STØRRELSE PÅ BÅTAR.

Breidde på båt skal ikkje overstiga 90 % av lysopning i båtplassen og max. lengde som gitt for aktuell plass. Båtar som veg meir enn 10 tonn, er breiare enn 90 % av lysopninga i den aktuelle plassen eller har totallengd over 12 m, krev godkjenning frå styret for å liggja i hamna.

Båtane skal fortøyast skikkeleg med gummiavfjøring for båtar over 20 fot og naudsynt spring.

Det skal ikkje nyttast stålfjører. Det er ikkje tillate å bruka sjaklar eller kausar av metall i fortøyingsfesta på brygga.

Fortøy alltid for storm.

Baugspryd og davitar skal ikkje stikka inn over hovudbrygge. Gummibåtar etc. skal ikkje lagrast på bryggja.

Eigar / leigar er sjølv ansvarleg for fendring anten frå båt eller av utriggar/bom . Ved fendring av utriggar/bom skal det nyttast fendrar frå godkjend leverandør.

FARTSAVGRENSNINGER.

Innan hamneområdet skal det køyrast med så låg fart at det ikkje oppstår fare for skade på person, båtar ,utstyr eller anlegg. I området nær hamna er det maksfart på 3 knop, denne skal overhaldast av brukarar av hamna.

ORDEN OG REINSEMD I HAMNEOMRÅDET.

Over alt i hamneområdet skal det til ei kvar tid vera orden og reinsemd. Fiskeavfall må ikkje kastas/leggjast på land, heller ikkje anna avfall og skrot av noko slag. Sløying av fisk, garnreinsk og lagring av garnkassar på flytebryggjene er ikkje tillate. Hundar skal haldast i band på område og hundeeigar pliktar å plukka opp etter hunden.

VATN OG STRAUM.

Båtlaget disponerer straumuttak og vasspostar. Vatn kan disponerast fritt, men ein skal likevel unngå unødig vassforbruk. Vasslange skal rullast inn etter bruk. Straum til støvsugar, drill, lading av batteri m.m. kan brukast fritt, medan det skal betalast avgift for straum brukt til oppvarming. Ved bruk av strøm må utstyret være godkjent for bruk i båt. Medlemen skal ta kontakt med styret for tinging av straumuttak for slik bruk.

KJØP OG SAL AV BRUKSRETT TIL BÅTPLASS/PRISREGULERING.

Av omsyn til kontroll med kven som vert medlemmer i båtlaget og til støttemedlemmer som står på venteliste for båtplass ref. §12 vert kjøp/sal av bruksrett til båtplass regulert slik: Styret for Tysnes båthamn fastset gjeldande pris for bruksrett til båtplass, ut frå kostpris og del av event. felleskostnad. Prisen vert vidare justert årleg i samsvar med utviklinga i konsumprisindeks, eller minimum 2 % pr.år.

Denne føresegn gjelder ikkje overdraging av båtplass til slektningar i rett opp – og/eller nedstigande linje, eller søsken. Ovannemnde gjeld heller ikkje når båtplass vert overført ved arv, eller ved sal av eigedom med husvære der båtplassen inngår som ein del av salet.

Kjøp og sal, samt anna overføring av bruksrett til båtplass skal godkjennast av styret i Tysnes Båthamn, og det skal nyttast kontraksformular utarbeidd av Tysnes Båthamn.

UTLEIGE AV BÅTPLASS.

Medlemmer kan leige ut sin bruksrett til båtplass dersom denne ikkje nyttast av medlemmen sjølv. Utleigar skal ved utleige av plassen melde frå til båtlagets styre, og skal nytte båtlagets standard leigekontrakt for å regulere leigeforholdet.