Tid og stad: 13 mars 2011 i kantina til Tysnes Kraftlag.
Det møtte 7 registrerte medlemmer.
SAKER
1. GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE
Begge godkjend
2. VAL AV MØTELEIAR
Lars Enes vart vald
3. VAL AV REFERENT
Arne Leite vart vald
4. VAL AV TO MEDLEMER TIL Å SKRIVA UNDER REFERAT
Bjørn Lande og Lars Petter Epland vart vald
5. ÅRSMELDING
Lars Enes gjekk igjennom årsmeldinga. Setninga: ”Den ferdige reguleringsplanen for småbåthamn i Gjersvika vil gå rett inn i den overordna reguleringsplanen.” vert endra til: ”Den ferdige reguleringsplanen for småbåthamn i Gjersvika vil gå rett inn i den overordna arealplanen.” Årsmeldinga vart godkjend med denne endringa.
6. REKNESKAP
Olav Andersen gjekk gjennom rekneskapen, som vart godkjend utan merknader.
7. VAL AV STYRE
Valnemd har bestått av Lars Petter Epland og Kjell Hallvard Brekke. Av dei som var på val tok ikkje Arne Leite attval. Lars Petter la fram valnemnda sitt forslag.
Lars Enes styremedlem og leiar på val, tar attval, styremedlem for to år
Olav Andersen styremedlem på val attvald som styremedlem for to år
Bjørn Lande styremedlem ikkje på val styremedlem i eit år
Atle Teigland styremedlem ikkje på val styremedlem i eit år
Terje Sløgedal varamedlem på val tar val som styremedlem i to år
Øyvind Hope ny tar val som 1. vara for eit år
Kenneth Fagerbakk varamedlem på val tar attval som 2. vara for eit år
Forslaget vart samla vald ved aklamasjon
Val av ny valnemd: Lars Petter Epland og Arne Leite vart vald
8. VAL AV LEIAR
Det var forslag om Lars Enes som leiar.
Lars Enes vart vald ved aklamasjon som leiar for eit år.
9. BUDSJETT OG ØKONOMI
Budsjettet består av inntekter frå medlemsavgifter på kr. 15.000.- Dette skal dekkast med medlemskontingent på kr. 200.-/medlem. Det er budsjettert med kr. 3000.- i driftsutgifter. Utgiftene består i hovedsak av annonsering. Det kan komma behov for mindre investeringer knytta til justering av vegtrase i reguleringsplanen.
Det er venta at det snarleg vert kalla inn til omframt årsmøte når ny arealplan er godkjend og konkrete planar, og nytt budsjett, for anlegget kan leggast fram og finansierast.

Våge 13. Mars 2011
Arne Leite