Årsmelding Tysnes Båthamn

Årsmelding for Tysnes Båthamn 2025

Styret for Tysnes Båthamn har i 2025 vore samansett slik:

Leiar:  Kenneth Fagerbakk

Kasserar:  Lars Enes

Styremedlem:  Atle Teigland, Magnar Solheim og  Knut Ove Gjersvik

Varamedlem:  Olav Petter Skjervheim og Bjørn Inge Leite

 

I 2025 hadde me to styremøte pluss årsmøtet. Ikkje den store møteaktiviteten, men likevel mykje nyttig kommunikasjon og arbeid via mail.

Det har vore eit år med fokus på mykje kos og hygge, og litt anna aktivitet. Det blei solgt 2 stk båtplasser i 2025, og sett i lys av aktiviteten så langt i 2026, så har styret stor tru på at alle båtplassane blir solgt før året er omme. Me har til info pr no 2 stk 33 fots plasser, og 1 stk 25 fots plass igjen.

Styret har jobba gjennom 2025 med å ferdigstille lys, straumposter og vatn i havna. Det har vore kalla ein til ein dugnad, der me bar fram og monterte lysstolpane som er i nyedelen av havna. I tillegg har me kjøpt fleire ny kamera som er plassert ute på bryggeanlegget. Desse får ein enkelt tilgang til via appen “Tapo”, og brukarinnlogging som ein får frå Styret. Det har nok tilfalle enkeltmedlemmer litt meir jobb enn andre i året som er forbi, og det er på sin plass å takka Lars Enes for alle timane han har brukt i havna i 2025 for å få både kamera, straum, lys og vatn på plass. Tusen takk for innsatsen, Lars.

Me har også i 2025 for alvor godt i gang med planane om vegljos frå kraftlags-bygningen oppe med hovudvegen og ned til havna. Styret meiner det vil gagne fleire enn berre medlemmene i havna at me set opp vegljos, då det i tillegg til å være veg til havna, er eit populært tur- og friluftsområde som m.a. er brukt av skulen. Me har difor søkt både Tysnes Kraftlag og  Sparebankstiftinga Tysnes om pengar til finansiering av dette arbeidet. Avventer svar derifrå, men styret har stor tru på at dette vil me får til.

Hausten 2025 hadde me desverre vårt første tjuveri av ein båt. Heldigvis vart tjuvane fanga på kamera, samt merkelig adferd der dei kom iland, trigga interessen til dei personane som møtte dei. Politiet vart varsla, og båten fekk til slutt komme tilbake til sin rettmessige eiger, i god stand.

Det at dette ikkje har skjedd før, fortel at me har vore skåna mot slikt i 12 år no. Likevel så ser me at dette problemet kjem nok nærmere for kvart år som går, og styret oppfordrer og anbefaler alle medlemmane om å ta ein sjekk av båt og utstyr så ofte ein kan, eller ringe ein nabo eller ven om hjelp til ein slik sjekk. Det er menneskelig trafikk i havna som er det beste preventive tiltaket mot uønska besøk og hendelser.

Lukke til med ny båtsesong, 2026.