Hamnereglement Tysnes Båthamn, framlegg 10.03.13

Dette hamnereglement gjelder for alle eigarar og brukarar av båtar som ligg i Tysnes Båthamn sitt hamneanlegg.

Lagets vedtekter er overordna dette reglement.

BÅTEIGAR PLIKTAR:

  • Reinhald av eigne pongtongar og på gangbane og fortøyingsbom.
  • Dugnadsinnsats i samsvar med vedtak på Årsmøte.

Båtar i anlegget må vera ansvarsforsikra og ligg for eigars / leigars rekning og risiko.

Brukar av båtplassen er ansvarleg for skader på bryggje og fortøyingsbommar ut over det som kan seiast å vera normal slitasje.

Båtane skal fortøyast skikkeleg med gummiavfjøring for båtar over 20 fot og naudsynt spring. Det skal ikkje nyttast stålfjører. Det er ikkje tillate å bruka sjaklar eller kausar av
metall i fortøyingsfesta på brygga. Fortøy alltid for storm.

Baugspryd og davitar skal ikkje stikka inn over hovudbrygge. Gummibåtar etc. skal ikkje lagrast på bryggja. Sløying av fisk, garnreinsk og lagring av garnkassar på flytebryggjene
er ikkje tillate.

Eigar / leigar er sjølv ansvarleg for fendring anten frå båt eller av utriggar/bom . Ved fendring av utriggar /bom skal det nyttast fendrar frå godkjend leverandør.

Det skal vera orden i hamna og avfall skal leggjast på tilviste stader.

Båtar som ligg i hamna skal vera sjødyktige. Båtar som ikkje er sjødyktige vil verta fjerna på eigar/leigars rekning.

Fall på seglbåtar skal festast slik at dei ikkje lagar støy.

Hundar skal haldast i band på område, og hundeeigar pliktar å plukka opp etter hunden.

Det skal vera ro i hamna etter kl.23.00. Vedlikehaldsarbeid som kan vera støyande, på anlegg og båtar, skal i sommarhalvåret berre skje mellom kl 08 – 22.00 I vinterhalvåret
mellom kl 08 – 20.00

Etter sjøsetting om våren skal opplagsplassen ryddast. Bukkar og teknisk materialar skal vere fjerna seinast tre dagar etter sjøsetting. Styret kan gi dispensasjon frå tredagars fristen i enkeltsaker. Dersom fristen ikkje vert overheldt, kan styret kondemnere og fjerne bukkar og utstyr for eigars regning.

Ved felles landsetting av båtar om hausten, må båteigaren sørgje for at forsvarlige bukkar eller krakker er plassert på opplagsplassen seinast dagen før landsetting. Dersom ansvarshavande ikkje finner bukk/krakk forsvarlig, kan landsetting avvisast. Seglbåtar tas ikkje opp med mast.

Køyrety skal berre parkerast på oppmerka og tilrettelagde parkeringsplassar.

Innan hamneområdet skal det køyrast med så låg fart at det ikkje oppstår fare for skade på person, båtar ,utstyr eller anlegg. I området nær hamna er det maksfart på 3 knop, denne
skal overhaldast av brukarar av hamna.

Breidde på båt skal ikkje overstiga 90 % av lysopning i båtplassen.

Båtar som veg meir enn 10 tonn , er breiare enn 90 % av lysopninga i den aktuelle plassen eller har totallengd over 12 m , krev godkjenning frå styret for å liggja i hamna.

Orden og reinsemd i hamneområdet

Over alt i hamneområdet skal det til ei kvar tid vera orden og reinsemd. Fiskeavfall må Ikkje kastast / leggjast på land, heller ikkje anna avfall og skrot av noko slag. Vedtektene og reglementet til båtlaget vert gjort kjent for alle medlemane, og dei pliktar seg ved medlemskapen sin å fylgja desse. Brot på vedtektene og reglementet, eller pålegg gjeve av styret i samband med dette, kan
føra til eksklusjon og bortvising frå hamna.

Båtlaget disponerer straumuttak og vasspostar. Vatn kan disponerast fritt, men ein skal likevel unngå unødig vassforbruk. Vasslange skal rullast inn etter bruk. Straum til støvsugar,
drill, lading av batteri m.m. kan brukast fritt, medan det skal betalast avgift for straum brukt til oppvarming. Ved bruk av strøm må utstyret være godkjent for bruk i båt. Medlemen skal ta kontakt med styret for tinging av straumuttak for slik bruk.

Styret vil oppmoda medlemene å bruke hamn og anlegg på en slik måte at den er i god stand , framstår ryddig og utgjer eit trivelig miljø. Husk at vi sjølve betaler for alle skader som unødig slitasje og forureining fører med seg. Båtliv er ein positiv hobby som gir mykje glede og trivsel, la oss verna om miljøet.

Tvistesaker.
Styret er tvisteinstans båteigarar mellom.