Korleis få båtplass i Tysnes Båthamn

Pr.01.06.26 er det ingen ledige plassar i Tysnes Båthamn , etter utvidinga i 2024 frå 100 til 150 plassar.

Dersom ein no ynskjer plass, lyt ein då setje seg på venteliste  Det vil frå tid til annan vere nokon som vil avhende ein båtplass. Me har nokre få slike i løpet av eit år. I hamna er det  plassar i storleik inntil 18, 25 , 33 og 40 fot. Flest plassar er det for båt inntil 25 og inntil 33 fot.

Det vil likevel heile tida vere nokon plassar som ikkje er i bruk. Der medlem for kortare eller lengre tid sjølv ikkje nyttar plassen. Det er tillete med framleige av båtplass , og det ligg eige skjema for dette på heimesida. Ein fyller inn skjema og sender inn til styret. Styret tek ikkje på seg å halde oversyn over plassar for framleige. Her må interesserte sjølv marknadsføre / etterspørje  i eigna fora.

 

For spørsmål / venteliste kan du kontakte :

 

Lars Enes: larsenes@online.no eller Kenneth Fagerbakk : kenneth.fagerbakk@haugnett.no