Vedtekter

1 Namn

Laget sitt namn er Tysnes Båthamn, med forretningsadresse Tysnes.

Organisasjonsform er Foreining / lag.

2 Føremål

Båtlaget sitt føremål er å skaffa høveleg hamneplass for medlemene sine båtar , å ivareta medlemene sine interesser, samt å verka for generell båtinteresse i Tysnesbygda. Laget skal og kunna samarbeida med føretak og utbyggjarar av bustadar i Tysnesbygda om å tilby båtplassar for å stimulera til auka tilflytting til Tysnes.

Fastbuande i Tysnesbygda har fortrinnsrett til båtplass, men styret kan dispensera frå fortrinnsretten til eigar av fritidseigedom i Tysnes.

3 Medlemskap

Einkvar person eller – føretak som har båtplass i Tysnes Båthamn sitt anlegg, må være medlem i laget. Den som leiger båtplass i anlegget, eller står på venteliste for kjøp / leige av båtplass reknast som støttemedlem utan stemmerett, men med tale og forslagsrett. Føretak med fleire plassar har eit medlemsskap.

Med “medlemskap” og “medlemer” i desse vedtektene skal ein forstå som: medlemer som har båtplass i anlegget til båtlaget. Kontingent for medlemskap og støttemedlemskap følgjer kalenderåret.

4 Styret

Båtlaget leiast av eit styre som består av styreleiar og fire styremedlemmer. Det skal i tillegg veljast to varamedlemmer. Styremedlemmer skal veljast av Årsmøtet for to år om gongen, men slik at ein har kontinuitet i styret. Styreleiar og varamedlemmer vert vald av årsmøte for eit år om gongen.

Styret konstituerar seg sjølve med nestleiar, kasserar, skrivar og eit styremedlem.

Alle styremøte leiast av styreleiar. Styret er vedtaksfør når minst tre medlemmer er til stades. I tilfelle stemmelikskap skal leiar si dobbelstemme være avgjerande. Berre medlemer som har plass i båthamna sitt anlegg kan være styremedlemer og varamedlemer.

5 Styrets oppgåver

Styret har den daglige leiinga av Tysnes Båthamn, og ivareteke båtlaget sine interesser. Styremøte skal haldast når leiar eller to styremedlemmer finn det naudsynt.

Styret kallar inn til årsmøte, medlemsmøte, dugnader og andre arrangement.
Styret kan oppnemna kortsiktige arbeidsutval og komitear til spesielle føremål.

6 Årsmøtet

Båtlagets høgste myndigheit er Årsmøtet. Årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av februar. Styret kallar inn til årsmøte med minst to vekers varsel. I innkallinga skal det framkome kva saker som skal handsamast. Vidare skal årsmelding med revidert årsrekneskap vedleggjast innkallinga.

Forslag til årsmøtet skal vera styret i hende innan ei veke før årsmøte vert halde.
Årsmøtet skal handsame:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Godkjenning av dei frammøtte medlemene.
  3. Val av møteleiar og referent
  4. Styrets årsmelding
  5. Revidert rekneskap
  6. Budsjett
  7. Fastsetjing av medlemskontingent, kontingent for støttemedlemskap og timesats dugnad.
  8. Eventuelle vedtektsendringar
  9. Forslag frå styret eller forslag som er innlevert til styret innan fristen før Årsmøtet
  10. Val av leiar.
  11. Val av styremedlemmer og to varamedlemmer og revisor med vara.
  12. Valnemnd.

Årsmøtet er vedtaksfør når innkallinga er godkjent av dei frammøtte medlemmene. Årsmøtets vedtak fattast med simpelt fleirtal blant dei røysteføre medlemmene, med mindre anna er bestemt i vedtektene. I tilfelle stemmelikskap skal møteleiars dobbeltstemme være avgjerande.

Ved stemmelikskap under val av styremedlemmer / varamedlemmer, blir valet avgjort ved loddtrekning.

Til vedtektsendringar krevst det 2/3 fleirtal av de frammøtte medlemmer. For oppløysing av båtlaget krevst det i tillegg at 3/4 av medlemmene stemmer for oppløysing.

7 Val

Årsmøtet vel leiar styremedlemmer og varamedlemmer til erstatning for dei medlemmer som står på val, og revisor med vara. Alle medlemmer har plikt til å mota val, men kan sei frå seg valet for like lang tid som dei har fungert som styremedlem.

8 Ekstraordinært årsmøte

Styret kan, når dei finn det naudsynt, innkalla til ekstraordinært årsmøte med minst ei vekes varsel. I innkallinga skal det gå fram kva saker som skal handsamast. Styret har plikt til å innkalle til ekstraordinært årsmøte når dette vert kravd av minst 1/3 av medlemmene i båtlaget.

9 Medlemskontingent / Kontingent for støttemedlemskap og felleskostnader

Medlemmane skal betale ein årlig kontingent. Føretak betalar kontingent per. antal plassar dei har. I tillegg kjem andel av felleskostnader for utgifter til drift og vedlikehald.

Støttemedlemmer betalar ein årleg kontingent for støttemedlemskap. Kontingenten gjer rett til å stå på venteliste for kjøp og/eller leige av båtplass.

10 Tildeling av plassar i ny bryggje.

Fyrsterett til båtplass har dei som står på liste oppretta i 2007 og som har innbetalt kr. 1000,-

Tildeling utover det vert etter ansiennitet på lista frå 2007 og dei som teiknar seg for båtplass seinare.

For å få båtplass må ein teikna kontrakt med Tysnes Båthamn. Utviding av anlegget kan bli gjort når tilstrekkeleg tal nye plassar er tinga.

11 Kjøp og sal av båtplass / Prisregulering  ( Endra på årsmøte 10.03.14 )

Av omsyn til kontroll med kven som vert medlemmer i båtlaget, og til støttemedlemmer som står på venteliste for båtplass ref. §14, vert kjøp / sal av båtplass regulert slik:

Styret for Tysnes båthamn fastset gjeldande omsetningspris pr.båtplass, ut frå kostpris og del av event. Felleskostnad. Prisen vert vidare justert årleg i samsvar med  utviklinga i  konsumprisindeks, eller minimum 2 % pr.år.

Denne føresegn gjelder ikkje overdraging av båtplass til slektningar i rett opp – og / eller nedstigande linje, eller søsken. Ovannemnde gjeld heller ikkje når båtplass vert overdført ved arv, eller ved sal av eigedom med husvære der båtplassen inngår som ein del av salet.

Kjøp og sal, samt anna overføring av båtplass skal godkjennast av styret i Tysnes Båthamn, og  det skal nyttast kontraksformular utarbeidd av Tysnes Båthamn

12 Tall båtplassar pr. medlem

Eit medlem kan ikkje ha meir enn to båtplassar i anlegget.

Dersom eit medlem arvar ein båtplass, plikter medlemmen å selja plassen(e), slik at vedkommande berre sit igjen med totalt to plassar. Medlemmen kan sjølv velje kva plass vedkommande skal sitja igjen med.

Føretak kan etter avtale med styret etablere fleire enn to plassar i tråd med intensjonane i § 2.

Det må vera samsvar mellom tal på husvære/leiligheiter og tal på båtplasser.

13 Utleige av båtplass

Medlemmer kan leige ut sin båtplass dersom denne ikkje nyttast av medlemmen sjølv.

Utleigar skal ved utleige av plassen melde frå til båtlagets styre, og skal nytte  båtlagets standard leigekontrakt for å regulere leigeforholdet.

14 Fastsetting av prioritet dersom det er fleire som ønskjer same plass etc.

Dersom fleire medlemmer eller støttemedlemmer ønskjer å kjøpe same båtplass, eller medlemmer ønskjer å bytte plass i anlegget, gjelder følgjande prinsipp:

  • mellom fleire medlemmer skal det medlem som har lengst ansiennitet ha prioritet.
  • mellom fleire støttemedlemmer skal det støttemedlem som har lengst ansiennitet ha prioritet.
  • mellom medlem og støttemedlem skal medlem alltid ha prioritet.

Ansiennitet fastsettes ut frå dato for første innbetaling av medlemskontingent / kontingent for støttemedlemskap. Prioriteringsliste utarbeidast og oppdaterast av styret.

15 Båt – og hamneforhold

Alle båtar skal være registrert etter dei til einkvar tid gjeldande lover og forskrifter.

Kvart medlem er forplikta til å foreta nødvendige arbeid som vert pålagd i samband med bygging og vedlikehald av båtplassen, og elles etter tilvisning frå styret.

Medlemmene skal ved plassering / fortøying av eigne båtar i anlegget ta omsyn til andre medlemer når det gjeld plass for manøvrering, slik at ikkje tilkomst til båtplassane blir vanskeleggjord.
Straumforbruk og kostnader i den samanheng vert fakturert den enkelte. Ein kan ha eigen straumålar til sine båtplassar. Styret fastset retningslinjer for dette.

Alle som har båtplass pliktar å følje båtlaget sitt hamnereglement. Det same gjeld og eventuell instruks frå styre / hamneansvarleg.

16 Dugnadsordning

Kvart medlem kan påleggjast å arbeide dugnad. Styret vert gjeve fullmakt til å fastsetje kor mykje dugnad kvart medlem kan påleggjast i året. Ved fråvær av pålagd dugnad, vert det kravd en timesats som vert fastsett av årsmøtet. For medlemmer med fleire båtplassar i anlegget, gjelder dugnadsinnsatsen pr. båtplass.

17 Eksklusjon

Ved brot på båtlagets vedtekter skal leiar påtala tilhøvet til gjeldande medlem med rimeleg frist til å bringe saka i orden.

Dersom saka likevel ikkje vert ordna, skal tilhøvet bringast fram for styret. Styret skal etter handsaming eventuelt koma med ein siste frist for å bringe tilhøvet i orden. Dersom denne fristen ikkje vert halden, vert fartyet fjerna/sett på land for eigars rekning og risiko, og plassen lagt ut for eventuelt sal. Oppgjer for sal av plass vert gjord med fråtrekk av skyldig beløp til Tysnes Båthamn.

Alle som blir medlem i Tysnes Båthamn aksepterar desse vedtekter, og kan ikkje halde Tysnes Båthamn økonomisk ansvarleg dersom båtlaget iverkset tiltak etter denne paragraf.

18 Oppløysning

Oppløysning av Tysnes Båthamn kan berre vedtakast på ordinært årsmøtet med minst ¾ fleirtal.

Minst ¾ av lagets medlemmer må være til stades eller ha gitt skriftlig votum til styret. Dersom laget blir oppløyst, disponerer årsmøtet over lagets aktiva.