Årsmelding Tysnes Båthamn for 2015

Tysnes Båthamn har sidan førre årsmøte den 22.03.2015 hatt 5 styremøter.

Styret har i 2015 vore samansett slik:

Knut Ove Gjersvik leiar, Lars Enes nestleiar, Bjarte Erstad kasserar

Kenneth Fagerbakk skrivar, Helge Hope styremedlem,

Per Ove Gjøvåg 1.varamedlem, Olav Skjervheim 2.varamedlem

Tysnes Båthamn hadde pr. 31.12.2015 102 medlemer. Det vart kravd inn medlemsavgift i april 2015.

Det har vorte overdrege/selt 5 båtplassar i hamna i 2015. 2 av desse var plassar inntil 18 fot ,

og 3 plassar for båt inntil 25 fot. Båthamn har ved årsskifte 5 støttemedlemer der 3 av desse

ventar på båtplass, storleik 33 fot .

Sesongen 2015 er Tysnes Båthamn sitt 3. driftsår og det har ikkje vore nødvendig med større

utlegg til vedlikehald o.l. Det har heller ikkje vore sett på som nødvendig å kalla inn til dugnad.

I sommaren vart det etablert ei badebryggje som synes populær. Arbeidet vart i hovudsak

utført som dugnad og med eit kontantutlegg på ca. kr 2500

Tysnes Båthamn har samarbeidd med Tysnesfest da dei fekk bruka deler av kaianlegget til

mottak av artister. Styret oppfatter det slik at dette er positivt for bygda og at det ikkje

medførte noen vesentlige ulemper for medlemene.

Arild Gjerstad har deltatt på eit styremøte. Dette for å ha ein god dialog med grunneiger og

for tidlig å kunna ta opp saker som måtte kunna bli eit problem. Styret oppfatter det slik at vi

har eit godt forhold til grunneigar. Det vart imidlertid påpeika at det har blitt registrert ein del

tilfeller der folk «bruker naturen som WC». Arild orienterte om at han planlegg etablering av

minirenseanlegg/septiktank for eige bruk og eit bygg med utleigeboder. Det var semje om at

Arild bestiller ekstra septiktankkapasitet for eit mulig framtidig publikumstoalett og legg fram

rør til dette i nybygg for boder. Tysnes Båthamn forskutterer kr 20 000 til dette. Endelig

avgjerd om etablering av publikumstoalett blir gjort av årsmøtet. Avtalen med Arild om årlig

leigekostnad skal reforhandlast kvart 3. år og justerast i samsvar med konsumprisindeksen.

Det har vore ein del problemer med WEB-kamera i året som gjekk. Styret vil vurdera om det

skal gjerast avtale om fast service og vil ta dette opp som sak i budsjett for 2016.

Styret har også drøfta lys langs veg ned til anlegget. Dette blir også tatt opp som budsjettsak for 2016.

Tysnes Båthamn er medlem i Kongelig Norsk Båtforbund, noko som gir kollektivt

medlemsskap med tilhøyrande medlemsfordeler som forsikringsrabatt etc.

Tysnes 27.02.2016