Referat Årsmøte 22.03.15

Referat Årsmøte Tysnes Båthamn 22.03.15

Tid: 17.00

Stad: Tysnes Kraftlag adm. bygning

Sak 1: Godkjenning av innkalling og saksliste.

Årsmøtet hadde fylgjande merknad til innkallinga:

-Årsmøtet viser til vedtektene der det står at rekneskap og årsmelding skal leggjast ved innkallinga til årsmøtet. Styret tek dette til etterretning for seinare årsmøter.

Sak 2: Val av møteleiar.

Lars Enes vart vald til møteleiar.

Sak 3:Val av skrivar.

Kenneth Fagerbakk vart vald til skrivar

Sak 4: Val av to til å skrive under møtereferat.

Edvard Tysnes og Arne Leite vart vagt til å skrive under på møtereferatet.

Sak 5: Årsmelding, og orientering om status

Lars les opp årsmeldinga. Det vart i tillegg til årsmelding informert om sak ang grunneigar av naustetomtar på gnr 96 bnr 2. Her har styret forskottert ein sum for grunnarbeid på gitt område, og har etter avtalen med ovannemnde grunneigar eit uteståande beløp på om lag kroner  31750,-

6: Rekneskap 2014

Olav presenterte rekneskapen. Det kom inn nokre merknader:

-Det kjem ikkje fram i rekneskapen at medlemmane eig sin plass i båthamna. Det kjem kun fram verdien av komplett bryggeanlegg med utstyr.

-Hamneavgifta vart kommentert, og styret informerte kva som låg i hamneavgifta.

-Slik me er organisert i dag, så er det ein person som står som eigar av kontoen me nyttar i banken. Vedkommande vert då skatta for beløp ihht. rekneskapen.  For å komme forbi dette, må me skaffa oss eit organisasjonsnr. Vegen vidare for det er å registrere oss som eit  SA. Då me fekk avslag på å registrera oss i frivillighetsregisteret.  Om dette er formålstenleg  for laget, er eit ope spørsmål.  Det vert diskutert i styret ved eit seinare høve.

-Årsmøtet stemte for at rekneskapen vert satt bort til kyndig rekneskapsfører. Rekneskapsfører skal då gå gjennom rekneskapen for 2013 og 2014, og denne skal godkjennast av styret etterpå.  Når godkjent rekneskap er klarert, så kjem styret å leggja denne ut på heiemsida til Tysnes Båthamn.

 

Sak 7: Årlig leige/medlemskontigent/dugnad

Lars presenterte forslag til budsjett 2015. Her har han teke høgde for innmelding i KNBF, noko som medfører at årlig leigesum for medlemmane vert auka med 200,- kroner for 25 fot og større, og 100,- kroner for dei inntil 25 fot. Medlemskontigenten vert halden uendra på kroner 200,- pr medlem.

Vedr. dugnad så vil styret ha ein lengre periode før ein fakturerer for ikkje møtte dugnadstimer. Det er gjerne slik at ikkje alle har kompetansen som krevst kvart år, eller at ein ikkje har tilstrekkeleg arbeid til å nytta alle på dugnad. Då foreslår styret at ein kan vurdera dugnadsinnsatsen  over t.d. ein fem års periode.

Sak 8: Budsjett 2015

Budsjettet vart vedtatt av årsmøtet med nevnte endringar jamfør sak 7.

Sak 9: Innkomne forslag.

Det var ingen inkomne forslag til styret.

Sak 10: Val av styret.

Då to av styre representantane var på val, pluss vara-representantane, vert styret for 2015 sjåande slik ut:

Styret 2015

-Lars Enes (2 år)

-Bjarte Erstad (2 år)

-Kenneth Fagerbakk (2 år)

-Helge Hope (1 år)

-Knut Ove Gjersvik (1 år)

Vara medlemmar:

-Per Ove Gjøvåg 1. vara (1 år)

-Olav Skjervheim 2. vara (1 år)

Sak 11: Val av leiar.

Knut Ove Gjersvik vart vald som leiar for 2015

Sak 12: Val av valnemd.

Lars Petter Epland og Arild Pettersen vart vald som valnemd for 2015

Ymse:

Styret kom med oppfordring til årsmøtet, og alle medlemmane, om viktigheten at ein held hamna så flott og ryddig som ho framstår no. Viser til hamnereglementet ang fortøyning, sløying av fisk m.m.